Haldis Reigstad er hjelpepleiaren som vart forfattar i vaksen alder, og som i dag vert rekna mellom dei mestseljande lyrikarane i Noreg.
Sidan 1987 har ho gitt ut 22 diktsamlingar i eit samla opplag på rundt 109.000 bøker.
Mange av dikta hennar har blitt tonsette, og utgjevne både i songbøker og på fonogram. Fleire av dei er også omsette til dansk og svensk. Den mangfaldige og vakre naturen, kristen tru og menneskelege erfaringar som motgang, håp og trøyst er blant dei viktigaste inspirasjonskjeldene for diktaråra hennar, og hennar likeframme og tillitsfulle stil har funne gjenklang i hjarta til svært mange lesarar.
Elska av Jesus
Trist, men likevel glad. Redd, men likevel trygg. Fattig, men likevel rik. Om ingenting stemmer i livet ditt, er det likevel slik.
For du er elska av Jesus, det er det største av alt. Ver ikkje redd for å snakke med han om det som er vanskeleg. Han bryr seg om akkurat deg.
Sjuk, men likevel frisk. Svak, men likevel sterk. Liten, men likevel brukt. Om ingenting stemmer i livet ditt, ber du likevel frukt.